Fylkesberedsskapssjef i Sogn og Fjordane, Haavard Stensvand, opplyser at dei har hatt kontakt med Vêrvarslinga på Vestlandet, etter at dei fekk oppdatert varsel om auka overvaking av vêrsituasjonen i romjula.

- Den sterke vinden som er venta måndag ettermiddag og kveld (2. juledag) er enno ikkje definert som ekstremver. Det vert uansett rekna med nordvest full og kan hende sterk storm, med vindkast på 30-40 m/s innover land, seier Stensvand.

- Meldinga gjeld heile strekninga Stad-Rogaland. Vinden vil òg gå innover i fylket. Det er òg venta høge bølgjer, 9-11 meter mot kysten.

Han opplyser vidare at vindretninga gjer at det kan ventast høge bølgjer innover i fjordane òg. Det er venta høg vasstand, 60-80 cm over verdiane i tidevasstabellen,