– Det er ingen som tenker at dette er gullegget, seier Åslaug Krogsæter, som ikkje meiner Eid kommune bør bruke pengar på eit symjeanlegg i Vågsøy.

Eid kommune er avventande til å inngå avtale med Vågsøy om å gjere Harpefossen Skisenter og symjehall på Tennebø til interkommunale anlegg.

– No ventar vi på ei avklaring i Vågsøy. Vi er betenkte fordi Eid kommune berre vil få utgifter, fordi vi ikkje eig Harpefossen, medan det for Vågsøy vil verte butikk. Det vil også bli konsekvensar om vi vil ruste opp eige symjeanlegg ved seinare høve, fortel Eid- rådmann Åslaug Krogsæter, og viser til at eit interkommunalt anlegg vil hindre Eid i å søkje om spelemidlar for utviding av symjeanlegget i Eid.

Formannskapet i Eid har hatt saka oppe til orientering. Det vert vist til at Eid kommune allereie har ein symjehall der elevane får symjeopplæring, og innbyggjarane i Eid har fleire nærliggande symjeanlegg som kan nyttast på fritida.

– Det er heller ikkje naturleg å gå inn på avtale no, så lenge det ikkje er avklart i forhold til ei eventuell kommunesamanslåing med Gloppen, seier Krogsæter.

Eid-politikar Sigurd Reksnes (Sp) meiner at tanken om interkommunale anlegg er god.

– Om vi klarer å samarbeide vil det kome idretten til gode. Eg er tilhengar av at vi jobbar vidare og ser på løysingar. No er det litt tidleg å konkludere i saka. Samtidig viser ei fersk meiningsmåling at det er god stemning for å slå saman Eid og Gloppen, og i så tilfelle vert det ny dynamikk i regionen. Men samarbeid i Nordfjord må vi ha uansett, seier Reksnes.

Harpefossen skisenter planlegg utbyggingar for totalt 44,3 millionar kroner i perioden 2016-25. Senteret har derimot ikkje økonomi til å ta opp nye langsiktige lån.

Åslaug Krogsæter meiner det er fleire grunnar til at Eid kommune bør gjere skisenteret interkommunalt. Ho viser mellom anna til at anlegget er mykje brukt av innbyggjarane i nærliggande kystkommunar.

– Vågsøy kommune har vore klar på at det er ein føresetnad for avtaleinngåing at kommunane finn eit anlegg i kvar kommune som kan få inter- kommunal status. Rådmannen kan ikkje utan vidare akseptere denne føresetnaden, og har meldt dette tilbake til Vågsøy. For medan Vågsøy investerer i eit av sine eigne anlegg, så vil Eid investere i to idrettsanlegg som kommunen ikkje har eigarskap i.