Bjørgs Mat startar det nye året med å innvie nytt storkjøkken på Raudeberg. Kaféen i Måløy vil kome i drift etterkvart.

– Catering-delen kjem til å bli driven frå Maritim Park på Raudeberg medan vi flyttar kaféen ned i Gate 1 i Måløy, mellom Min & Din og DNB-bygget, fortel Anne Simensen.

Simensen driv Bjørgs Mat saman med ektemannen Kristian Simensen og mor Bjørg L. Refvik, og i desse dagar er dei travelt opptekne med å få alt på plass i dei nye lokala.

– Det vert veldig bra. Det nye kjøkkenet på Raudeberg er på 60 kvadratmeter. Berre kjølerommet er på størrelse med heile kjøkkenet vi er vand med å vere på, seier dei.

Gir store moglegheiter

Ekteparet Simensen reknar med å ha cateringa klar i midten av denne månaden.

– Då vil vi ha moglegheit til å levere mat til både fleire og større tilstellingar enn før, seier dei og legg til at det at det nye kulturhuset på Raudeberg ligg vegg i vegg også opnar opp for nye moglegheiter.

– Der vi vanlegvis må ta omsyn til steiking og koking på grunn av frakting av mat, vil vi kunne lage maten i rommet ved sidan av. Det gjer alt mykje enklare. Det vil ikkje verte problem å lage mat til grupper på over 150, seier ekteparet.

Dei fortel at dei også vil utvide cateringtilbodet på sikt, men at dei vil sjå an kva kundegruppa er ute etter først.

– Vi tek ein ting om gongen, og akkurat no er det flyttinga som står i fokus, seier dei.

Kaféen som skal flyttast til Gate 1 er endå ikkje klar til opning, men om alt følgjer planen står den ferdig i midten av februar.

– Kaféen kjem til å vere på same størrelse som då vi var i Røde kors-huset, og hovudfokuset vert framleis på maten.

– Det vert ein lunsjkafé. Det er og blir grunnprinsippet vårt. Vi lagar maten på bestilling og har ikkje mat som ligg ferdig og ventar på disken, seier Simensen.

Ekteparet er klare på at kundane ikkje vil kome til å merke at dei frå no av vert på to ulike stadar.

– Begge kjøkkena kjem til å ha god kontakt med kvarandre, og ein treng ikkje reise til Raudeberg for å bestille catering. Når kaféen opnar, er det berre å stikke innom der.