Det nye kulturhuset på Raudeberg skal etter planen opnast 20. oktober, men for at huset skal stå ferdig til opninga treng dei fleire dugnadsfolk.

Kulturhuset er lokalisert i Maritim Park på Raudeberg. Dugnadsgjengen er no ferdige med alt rivingsarbeidet og har inne søknadar om bygging og omregulering. Når alt dette er på plass startar det verkelege arbeidet.

Det nye kulturhuset på Raudeberg. (Tegning: Roy Husevåg)

Det er ingen tvil om det blir mykje dugnadsarbeid. Vi må «tråle bygda» for å få med fleire personar til snikring, måling og legging av golv, seier Iversen og legg til:

– Det er sjølvsagt ikkje alt vi kan gjere sjølv. Det elektriske og VVS (varme, ventilasjon og sanitær) må vi ha eksterne folk til, men det er viktig at arbeidet er godt koorinert slik at dei slepp å vente på oss.

Denne veka byrja arbeidet med å sette inn nye vindauge i bygget. Vindauga måler 2,60 ganger 1,50 meter.

– Målet er at vi skal få opna heile sjøsida med store vindauge slik at vi kan nytte den flotte utsikta som er her. Her er mykje godt arbeid, men det skal bli kjekt å kome i gang med noko anna enn riving, slik at ein tydlegare ser at prosjektet går framover, fortel Iversen.

Styret har sett seg ei kostnadsramme på sju millionar kroner. Dei betalte to millionar kroner for lokalet og inne i dei resterande fem millionane ligg alt salen skal utstyrast med og dugnadsarbeidet.

– Vi har eit håp om at den dagen vi er ferdig skal vi ikkje ha større gjeld enn 1,5 millionar kroner. Vi skal jo drive huset etter at det er ferdig.

Prosjektet har fått 1,5 millionar kroner frå fylkeskommunen, 250.000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane og 200.000 kroner frå Vågsøy kommune. I tillegg har dei selt andelar i kulturhuset, helde arrangement og lotteri og fått inn gåver. Så langt har dei fått inn 385 000 kroner.