Njords Men i Kalvåg får 10.000 kroner frå Bremanger kommune til sitt arrangement mot mobbing.

- Bakgrunnen for å støtte arrangementet er at det er eit flott initiativ vedkomande eit viktig tema som er relevant på mange samfunnsområde, og ikkje minst den positive responsen på arrangementet i 2015, skriv rådmann Tom Joensen til Njords Men ved Kjell Larsen.

7. mai i år arrangerer Njords Men MC Kick off 2016 med MC-parade i samband med sitt lokale arrangement MC mot mobbing.

Paraderute blir Svelgen - Bremanger - Kalvåg med hovudprogrammet på Amtskaia i Kalvåg.

Det blir utstilling av syklar, konsertar med Frøysjørock, Jimmie And The Stevie Boys og mange fleire, loddsal, rundturar på MC for barn og vaksne og sal av kaffe, vaflar, pølser og meir, skriv Njords Men på facebook.

Inntektene frå arrangementet vil gå til prosjekt for barn og unge i Bremanger kommune.

I 2015 ble det delt ut 15.000 kroner i form av innkjøpte leiker og aktivitetstilbod som blei fordelt på Kalvåg oppvekst, Hauge oppvekst og Svelgen oppvekst, fortel MC-klubben.