Bremanger har fått løyst ein god del av rettstvistane etter Terra-skandalen, men budsjettet for 2016 er likevel gjennomsyra av grep gjort på grunn av Terra. Eitt av dei er innføring av eigedomsskatt på bustader og fritidseigedom.

– Eigedomsskatt er siste utveg for å få balanse i budsjettet. Vi har snudd alle steinar, seier ordførar Audun Åge Røys i Høgre, paritet som i sitt partiprogram seier dei er imot eigedomsskatt.

I første omgang vil ein hente inn fem millionar frå private eigarar. Frå 2017 aukar skatten med to millionar.

Ikkje godkjent 2015-budsjett

Når Bremanger no skal legge budsjett fior 2016, er det utfordrande ettersom budsjettet for 2015 og økonomiplan 2015–2018 enno ikkje er godkjent av Fylkesmannen.

Grunnen er ifølgje Fylkesmannen at kommunen har budsjettert med 17,5 millionar i inntekter frå tilbakebetaling av opsjonspremie knytt til derivatavtalar med Danske Bank. Dette blei også bokført i 2006-07, og er dobbelt inntektsført.

Fylkesmannen peiker også på at kommunen for perioden 2016–2018 kvart år har budsjettert med 15 millionar kroner i utbytte frå eit planlagt oppretta holdingselskap, som skal gå til drift. Etter regelverket er det berre «løpende inntekter» som kan nyttast til drift. Utbyte som kjem frå innskoten kapital skal nyttast til investeringar.

Revidert budsjett for 2015 skal opp til behandling i formannskapet i dag, medan budsjettet for 2016 skal opp i finansutvalet.

Men budsjettforslaget for 2016 må også vedtakast av kommunestyret 17. desember før ein veit om det faktisk blir eigedomsskatt på private bustader eller ikkje.

Nye utgifter

Det har kome fleire oppgåver til Bremanger som krev meir pengar, mellom anna auka pensjonskostnader, styrking av helsestasjon- og skulehelseteneste, innføring av fleksibelt barnehageopptak, utdanning av deltidsbrannpersonell, akutt hjelp døgnopphald, og endra innslagspunkt for ressurskrevjande brukarar.

Ordføraren seier at det blir vanskeleg å betale tilbake Terra-underskotet samtidig som dei må utføre kommunen sine lovpålagde oppgåver.

Det er nemleg ikkje berre dei 230 millionane i akkumulert Terra-underskot, som Bremanger fekk ti år på å dekke inn, å ta omsyn til.

Derivatavtalane har i tillegg gitt 80 millionar i bokførte tap.

– Vi ser at vi ikkje klarer å dekke inn alt dette, seier Røys.

Bremanger kommune har derfor søkt fylkesmannen om forlenging av inndekkingsperioden frå 10 til 13 år.

– Men vi veit ikkje om vi får lov til det. Vi har vel ikkje opplevd dei som fleksible hittil, seier Røys, som likevel håpar på det beste.