– Dette er eit veldig stort problem fordi det er mange som har studiespesialisering som sitt andre eller tredje val. Vi ser for eksempel at det er oversøking på elektro og mange der har studiespesialisering på andre eller tredje. Om ein då ikkje får dette, kan det lett gå ut over motivasjonen, seier Sara Sandvik Arnestad som går i 10. klasse og er elevrådsleiar ved Eid ungdomsskule.

Ho peikar også på at reduksjonen i tilbodet kan få konsekvensar for elevane som allereie går på den vidaregåande skulen.

Elevar og føresette ved Eid ungdomsskule har sendt brev til politikarane i hovudutval for opplæring, som avgjer saka i eit møte komande onsdag.

– Konsekvensane blir dramatiske for elevane i Eid dersom politikarane onsdag 29. mars vedtek tilrådinga frå fylkesdirektøren i saka om justering av opplæringstilbodet for 2017–18. Vi ber om at politikarane beheld to klasser på Vg1 studiespesialisering ved Eid vidaregåande skule, heiter det i brevet.

Elevane og dei føresette understrekar at dei er klar over at det i år er oversøking til idrettsfag ved Firda og undersøking til studiespesialisering ved Eid.

– For to år sidan, skuleåret 2014/15, var det tre vg1-klasser studiespesialisering på Eid. Dette vart redusert til to klasser på vg2, noko som gav negative konsekvensar for fleire elevar. Ein gjekk tilbake til to vg1-klasser, dette verkar riktig dimensjonert. Men no er det altså plutseleg foreslått ei halvering av dette. Kontinuitet i skuletilbodet er viktig for elevar og føresette. Tilrådinga er det motsette, og skaper uvisse og uro hos elevar og føresette.

Fylkesdirektøren tilrår også at Vg2 data og elektronikk ved Eid vidaregåande ikkje vert sett i gong og at Vg2 interiør- og utstillingsdesign vert redusert frå 1,5 til 0,5 gruppe ved skulen.

Saka skal opp i Hovudutval for opplæring 29. mars.