– Ein ser at partia, for eksempel Arbeidarpartiet, er i gang med å bygge felles partilag og har mykje felle møte. Dette tenker eg er veldig viktig at alle partia kjem i gang med raskt, seier Eid-ordføraren.

For å sikre representasjon frå alle delane av den nye kommunen, meiner Bjørlo kumulering kan vere eit nyttig verktøy.

– For det første så er det ikkje nokon måte å styre det på gjennom valsystemet. I praksis blir det bestemt av korleis partia jobbar med det. Men det eg meiner er fullt mogleg, og viktig at partia gjer, er det å tenke på kumuleringar. Viss ein for eksempel kumulerer to, tre eller fire personar, så vil du gjennom det kunne sikre å seie noko om ein geografisk representasjon. Så eg tenker meg at det er det mest effektive verkemiddelet partia har heilt konkret, forklarar han.

Frå kommunane si side blir det no i planlagt felles tilsettsamling i september, felles leiarsamlingar og fleire felles kommunestyremøte.