I løpet av 2016 reiste 6.951 personbilar med ferja mellom Barmen og Barmsund.

Dette er ei auke på heile 1.099 bilar i forhold til 2014.

– Dette er gledelege nyhende, og trafikkauken viser at øya er inne i ei positiv utvikling, seier representantar frå Barmøy bygdelag og Barmøy grunneigarlag til barmen.no.

I 2016 reiste 14.476 personar mellom øya og fastlandet.

Dette er over 1.000 fleire enn for to år sidan.

I tillegg har 94 lastebilar reist med ferja i 2016.

Barmen.no skriv at dei ikkje har noko eksakt forklaring på trafikkauken med Barmøyferja, men trur det kan ligge fleire forklaringar bak dette.

– Barmen er ei attraktiv turistøy, og fleire turistverksemder på øya driv godt, heiter det i artikkelen på barmen.no.