Det er fylkesordførar Åshild Kjelsnes som får æra av å opne det nye Bremangersambandet.

Det skjer 16. mai i under opningsmarkeringa i Bortnen.

Kjelsnes står for snorklyppinga saman med regionvegsjef Helge Eidsnes og bremangerordførar Karl Vidar Førde, melder Sogn og Fjordane fylkeskommune på sine nettsider.

Bortnen er midt i det nye veganlegget, og lokale kulturkrefter vil bidra sterkt i markeringa. Det vert sett opp fleire bussar for å få folk til og frå Bortnen for å sikre framkommelegheit under seremonien.

Siste innspurt– Når vi får opna Bortnetunnelen, vil folk verkeleg få ta ut nytten av Bremangersambandet, seier prosjektleiar Susanne Svardal i Statens vegvesen.

Mellom Leirgulen og Bortnen går vegbygginga no føre seg for fullt, og Svardal har fått lovnader frå entreprenørane om at vegen skal vere asfaltert og i fullt køyrbar stand til opninga. Men ein del arbeid med opprydding og pynting av vegskuldrar vil stå att til etter 17.-maihelga.

Tunnelane på strekninga er ferdige og sikkerheitstesta, og i Sørdalen står det att litt finpuss, skilting og siste asfaltlaget før vegen vert opna.

Ordføraren gler seg – Vi gler oss veldig til vegopninga 16. mai, og i tillegg til opningsseremonien vil vi ha ein eigen folkefest i kommunen for å feire nyevegen, seier ordførar Karl Vidar Førde i Bremanger.

Bremangersambandet er siste byggesteg på sambandet der Bremangerlandet fekk fastlandsforbindelse i 2002. Vegen kortar ned strekninga mellom Bremangerlandet og kommunesenteret Svelgen med 40 km (ca. 45 min), og fører til at ferja mellom Kjelkenes og Smørhamn kan leggjast ned.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.