Namn:Kåre Jarl Langeland
Parti:Bremanger Venstre
Alder:60 år
Bustad:Sandvik
Yrke:Tidlegare røyrlegger og no frivilligarbeidande

– Førsteprioritet for oss er ny bru over Nordfjord i løpet av den neste tiårsperioden, slår Kåre Jarl Langeland fast.

Den erfarne bremangerpolitikaren tar sikte på å bli kommunens første Venstre-ordførar sidan Bjarne Haugland sat ein kort periode på starten av 1980-talet.Og Langeland, som lenge har vore opptatt av betydninga av Kystvegen, held fast på at det å kunne utvide bu- og arbeidsområdet for store deler av Bremanger kommune heng høgt.

– Vi meiner òg dette sambandet vil gje nyetablering av arbeidsplassar med etterfølgjande tilflytting. I tillegg betyr det at unge som går på vidaregåande skule i større grad enn tidlegare kan bu heime, seier den frittalande politikaren.

I lys av eksplosjonsulykka i Skatestraumtunnelen i sommar viser Langeland òg til at ei bru over den ytre delen av Nordfjord vil gje Bremanger kommune eit større område å spele på med i forbindelse med krisesituasjonar i regionen.

– Og Kystvegen vil òg vere med å gje større forståing for opprusting av sidevegane til denne hovudvegen, slår Kåre Jarl Langeland fast.

Vurderte å stå utanfor

Ved kommunestyrevalet i 2011 stemte 187 av bremangarane på Venstre med Langeland som ordførarkandidat. Ei oppslutning på 9,7 prosent sikra partiet to representantar i eit kommunestyre som har vore gjennom ein periode, mellom anna prega av kraftlinjestriden i Ålfoten.

Langeland har sjølv gjort det klart at saka har vore ei belastning for han som politikar.

– Eg ser på meg sjølv som tjukkhuda, og eg toler ein refs, men eg orkar nesten ikkje tanken på å begynne nye fire år med denne saka og alle skuldingane hengande over oss, sa han til Fjordenes Tidende for eitt år sidan.

60-åringen har likevel valt å takke ja til å toppe Venstre-lista i Bremanger nok ein gang. I tillegg til Kystvegen er utbygginga av fiskerihamna i Kalvåg noko han vil jobbe for i den neste perioden.

– Den vil vere med å gje etableringslyst innan maritim retta næring på sjø og land, slår han fast.

Lover fibernett til alle

– Eg vil òg bidra til å halde på den gode kulturen og strukturen som Bremanger kommune har innan skule, barnehage, ambulanse, lege og beredskap, legg Venstre-toppen til.

Av andre saker som Bremanger Venstre har programfesta å jobbe for er at Bremanger skal vere ein sjølvstendig kommune under føresetnad av at dette ikkje går utover tenestetilboda til innbyggjarane, at kommunen skal ta imot flyktningar, at eigedomsskatten ikkje blir utvida til å gjelde private hus og at det ikkje vert gjeve fleire konsesjonar for utvinning av stein.