Sogn og Fjordane Energi (SFE) sikra eit overskot etter skatt på 113 millionar kroner i 2015. Eigarane, deriblant Eid, Bremanger og Selje, kan vente seg eit utbytte på totalt 60 millionar kroner.

SFE opplyser at resultat korrigert for dei ekstraordinære postane året før, er om lag 24 millionar kroner betre enn i 2014.

- Ser vi resultatet i lys av dei svært låge kraftprisane, er eg godt tilfreds med at vi leverer eit resultat på 113 millionar kroner, seier konsernsjef Johannes Rauboti i SFE.

I ei pressemelding skriv SFE at ikkje sidan 2001 har straumprisen gjennom året vore så låg som den var i 2015. 18,7 øre/kWh (eks. mva og elsertifikat) vart fasiten for den gjennomsnittlege straumprisen på straumbørsen Nord Pool, ein nedgang på 6,1 øre/kWh frå året før. I prisområdet som omfattar store delar av Vestlandet, var prisen endå eitt øre lågare enn dette.

Rauboti er uroa over framtidsutsiktene – både for 2016 og på lengre sikt.

-  Kraftproduksjonen i Norden er aukande, utan at mellomlandsforbindelsane med kontinentet er gode nok til at vi får nok omsetnad på krafta når etterspørselen på den europeiske marknaden er størst. Dette kombinert med auka sol- og vindkraft i Europa, og låge brenselsprisar, pressar kraftprisane nedover, seier Rauboti.

Selskapet skriv at framleis låge kraftprisar vil vere dårleg nytt for SFE og eigarane, som må vere budd på eit svakare resultat for 2016.

- Tyngda av konsernet si inntening stammar frå produksjonen av vasskraft. Derfor betyr varierande kraftprisar mykje for konsernresultatet. Sjølv om vassmagasina var fullare enn vanleg ved inngangen til året, og vi skulle få eit år med bra mykje nedbør og stort produksjonsvolum, vil kraftprisane truleg føre til eit svakare resultat enn førre år, seier Rauboti.

Utbyttefordeling

EigarEigardelForventa utbytte
Sogn og Fjordane Fylkeskommune48,15%28.988.000 kr.
BKK38,54%23.203.000 kr.
Flora kommune4,51%2.715.000 kr.
Gloppen kommune/Gloppen Energi3,36%2.023.000 kr.
Bremanger kommune2,40%1.445.000 kr.
Askvoll kommune1,44%867.000 kr.
Selje kommune1,39%837.000 kr.
Eid kommune0,14%84.000 kr.
Naustdal kommune0,07%42.000 kr.
SUM100%60.204.000 kr.

Nøkkeltall

Nøkkeltall (millioner kroner)20152014*
Driftsinntekter1.0421.620
Driftsresultat268610
Resultat før skatt212511
Resultat etter skatt113404

* Sal av kraftverk førte til ekstraordinære høge tal i 2014.