West Dyk­ker­ser­vice sin nye ser­vi­ce­ka­ta­ma­ran, og ei ge­ne­relt aukande opp­drags­meng­de, gjer at sel­ska­pet no tilset 10–15 personar. Og des­se vil dei hen­te lo­kalt.

West Dykkerservice har nettopp teke i bruk den åttande katamaranen dei sjølve har bygd. Dei trivst med å ha prosjektleiinga på eigne nybygg.

– På den måten får vi ein skreddarsydd båt, seier dagleg leiar John Sindre Kragset.

– Den har god krankapasitet, stor dekksplass og vinsjkapasitet, bra overbygg, med romslege bufasilitetar for mannskapet, seier driftsleiar Sigve Slagnes.

Katamaranen, som skal fungere som ein servicebåt for oppdrettsnæringa, kosta 18 millionar kroner, alt inkludert. No treng den mannskap.

– Sjølve båten genererer behov for åtte personar, men vi ser totalt etter 10–15 personar, fortel Kragset, som forklarer det med generell auke i oppdragsmengda frå selskapet sin største kunde, Marine Harvest.

– Det går mest på oppdrag innan avlusing av fisk. Det blir berre meir og meir av, og dei treng kapasitet, seier han.

Driftsleiaren meiner dei 10–15 som no skal tilsettast bør vere om lag halvparten vere dykkarar og halvparten med annan kompetanse.

– Vi treng dykkarar til sjølve avlusingsjobben, mens ein på spylebåtane kan brukast til andre oppgåver. Men ein må vere båtvant og ha praktisk bakgrunn, supplerer Kragset.

Les heile saka i Fjordenes Tidende si papirutgåve.