Ingunn Svoren frå Deknepollen lever ut restaurantdraumen i hovudstaden.

Det er like før sommaren slår til for fullt i Oslo. Det er formiddag, og Ingunn går rundt på uteserveringa si ved Skur 33 på Akershusstranda og ventar på at restauranten skal fylle seg opp på nytt, slik den har gjort mang ein gong sidan åpninga.

Vågsøyværingen er dagleg leiar på ein av dei mest populære restaurantane i Oslo. Skur 33 har Akershus Festning og Christian Radich som nærmaste naboar, og ho eig det i lag med Steff Herbern som ho har jobba tett i lag med sidan Oslo blei adressa hennar på slutten av 90-talet.

– Gode anmeldelsar

Skur 33 opna 15. august 2014, og tilbakemeldingane lot ikkje vente på seg.

– Vi fekk umiddelbart veldig gode anmeldelsar i avisene, og etter at vi fekk full pott i Aftenposten 1. september i fjor tok det heilt av, seier Ingunn.

Ho har opplevd fullt belegg kvar kveld sidan åpninga. Med det så kan ein trygt seie at Skur 33 har fått ein pangstart.

– Det har blitt mykje meir enn vi har turt å drøyme om, konstaterer eigaren nøgd.

I dag er det rundt 45 ansatte på restauranten, og kapasiteten er rundt 140 gjestar innandørs og 150 utandørs på sommarstid.Lokala langs Akershusstranda har aldri vore brukt til restaurantdrift før.

– Då vi tok over var det kun eit havnelager. Vi måtte rive ut alt, og legge inn både vatn, straum og vi måtte isolere, fortel Ingunn om den lange omstillinga.

Sjømat på italiensk

Med bakgrunn i at Oslo Havn ville ha meir aktivitet til området rundt Akershusstranda starta prosessen.

– Havnevesenet la ut ein anbudskonkurranse for å få dette bygget, og den vann vi i juni 2013. Då starta vi planlegginga med målsetning om å starte opp sommaren 2014. Spesialiteten til Skur 33 er fisk og skalldyr på italiensk vis, men også pizza og pasta.

– Kjøkkensjefen min seier alltid at vi må få tak i fisk frå Måløy, men vi har ikkje fått det heilt på plass enno, fortel Ingunn.

Den italienske profilen har dei teke med seg frå Baltazar på Kirkeristen, som også er dreve av Herbern og Svoren.

– Vi har blant anna ein vedfyrt pizzaovn som vi har kjøpt frå Italia, seier Ingunn om den autentiske profilen. I

tillegg går det i sjøkreps, hummer og reker som restaurantens spesialitetar. Sjømaten har vore retninga heile vegen for Ingunn. Slik er det kanskje når ein veks opp med havet som nærmaste nabo.

– Eg vil nok tru at inspirasjonen kjem heimanfrå.

Starta i skrubben

Ingunn har gått Norsk Hotellhøgskole i Stavanger og BI i Oslo, og har med det ein økonomisk administrativ bakgrunn.

Ho var hotellsjef på Oset Høyfjellshotell på Golsfjellet eit par år før ho ville tilbake til sjøkanten. I 1998 etablerte ho Herbern Restaurant saman med Steff Herbern, som har blitt hennar mangeårige samarbeidspartner. Men interessa for hotell- og restaurantdrift starta då ho bekledde ei heilt anna rolle.

– Eg jobba i oppvasken på Kaptein Linges Hotell i Måløy, og då tenkte eg at hotell og restaurant verka interessant. Sjølv om det var eit mareritt å stå i oppvasken, altså, ler ho.

Nokre år, mange erfaringar og ei rekkje milepælar seinare er Skur 33 ein draum som no har blitt til verklegheit.

– Det er heilt utruleg. Vi set veldig pris på det vi har klart å skape her, og det har gått så bra at vi ikkje har hatt tid til å feire det enda. Det har vore hardt arbeid, men vi føler oss også veldig heldige, seier Ingunn Svoren.