- Det er heilt unikt. Dette er flinke og dyktige folk, som veit kva dei gjer, seier dagleg leiar i Norsk Fjordhestsenter Magni Hjertenes Flyum.

Vidar og Jorunn Heggheim sin treåring Birkelid Tullen blei spiss i si klasse og blei også kåra til Dagens hingst.

- Ein soleklar spiss, sa styrar av utstillingaTore Kvam.

Og jammen blei ikkje paret sin andre treåring i utstillinga, Birkelid Nimo, også kåra. Han blei nr. 2 i kvalitet i same klasse.

Til saman var det fem hestar blant treårshingstane i kvalitet.

- Det er veldig bra, og eit godt nivå. Vi har få hingstar med i år, berre 23 stykk, men kvaliteten på dei er høg, seier Hjertenes Flyum.

Til saman blei 12 hingstar kåra under utstilinga. Av lokalt eigde hingstar var det berre ein som nådde opp, tre år gamle Herlig, med oppdrettar Silje Kvalvik og eigar Miriam Hoddevik, begge frå Nordfjordeid.

Les meir om hingsteutstillinga i Fjordenes Tidende si papirutgåve tysdag.