– Arbeidsgruppa som har jobba fram til no, skal jobbe vidare med grensejustering. I tillegg har vi fått inn Inge Midtbø, fortel Øystein Hessevik i arbeidsgruppa.

Ei av sakene gruppa skal jobbe vidare med er å velje ein observatør til fellesnemnda i nye Stad kommune.

– Det har vi ikkje valt enda. Tanken er at arbeidsgruppa skal få konstituere seg sjølv, og velje ein observatør, forklarar Hessevik.

Rundt 30 personar møtte fram på bygdemøtet tysdag kveld, og Hessevik fortel at dei hadde eit godt møte.

– Det er framleis stemning for grensejustering, seier han.