Prosjektet er toårig, og det første året er tilskotet frå Nasjonalbiblioteket på 400 000 kroner.

Dette kjem fram i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fylkeskommunen har teke initiativ til å få bygt dagsturhyttene, som får lik utforming og blir finansierte ved spelemidlar og støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. I alle hyttene skal det vere eit lite bibliotek.

Turbiblioteka vil vere sett saman av ei samling av nynorske bøker, biletbøker, forteljingsbøker og faktabøker for barn. Det vert også bøker for ungdom og vaksne, som friluftsbøker, naturbøker, samlingar av segner og eventyr, og bøker om kulturminne frå områda hyttene ligg i.

Både små og store skal kunne finne bøker dei likar i biblioteket, og det skal vere plass både til å kunne sitje og bla i/lese ei bok og til høgtlesing. Hyttene vil bli innreia med utstillingshyller for bøkene, slik at det er lett å orientere seg i samlinga.

Gjennom turbiblioteka ynskjer Fylkesbiblioteket å nå ut til eit breiare publikum enn dei som vanlegvis nyttar folkebiblioteka. Målet er å stimulere til lesing og bibliotekbruk og å auke kunnskapen om nynorsk språk og litteratur.

Det er planlagt ei rekkje litterære og kulturelle arrangement i og ved dagsturhyttene, i eit samarbeid mellom Fylkesbiblioteket, folkebiblioteka og aktuelle organisasjonar.