– No skal Norge lære av Måløy, seier Casper Lehland.

(I episoden startar delen om Måløy på 9:22)

17-åringen er ein av fire unge formidlarar som reiser rundt i Norge gjennom eit prosjekt på sosiale medium, Office X. Formidlarane får kvar veke ei problemstilling dei skal løyse, og følgjarane kan følgje reisa deira på sosiale medium. Fredagar kan ein sjå vekesepisoder som samanfattar arbeidet. Planen er at det skal bli ein eigen tv-serie til hausten.

Denne veka var problemstillinga korleis starte og drive ei eiga bedrift.

– Vi har vore i Stockholm og prøvd å finne ut kvifor Sverige tilsynelatande gjer det betre enn Norge når det kjem til gründerverksemd og innovasjon. Så har vi vore i Trondheim, og no er vi her i Måløy for å lære meir om kva som finst ute i distrikta. Eg opplever at mange på min alder trur at næringslivet berre finst i storbyane, men det er jo ikkje tilfelle, seier Lehland.

Gunnar Carlson og Sindre H. Kvalheim viste fram mellom anna Stadt Towing Tank, Easy Form og Lefdal Gruve til Office X.

– 70 prosent av BNP kjem jo frå distrikta. Vi vil prøve å finne ut om det er lønsamt å satse utanfor storbyane, og kva fordelar unge gründerar har om ein vel å satse i ein liten by. I tillegg er det jo ei interessant historie her, smiler han.

– Det er kjekt å få litt fokus på kysten, det må vi ha, seier investor Gunnar Carlson, som saman med Sindre H. Kvalheim i LocalHost gler seg over besøket.

– Kva dreg de fram som forklaring på at Måløy gjer det bra?

– At det er gøy. At det er morosamt og interessant å prøve å etablere nye bedrifter, og skape ny vekst. Det har uendeleg mykje større verdi enn å ha pengar i banken. Og så er det å stå opp tidleg og legge seg seint, seier Carlson.

– I tillegg må ein ha dei rette menneska, rett mentalitet og eit fantastisk kontaktnett. Det er kanskje den største hemmelegheita vår. Ein er aldri berre ein gründer, ein er eit team av gründerar som jobbar i lag, seier Sindre H. Kvalheim.

Fakta

Office X er finansiert av NHO, Virke, Spekter, Finans Norge og Norges Rederiforbund. Målet er å opplyse unge menneske mellom 19 og 30 om næringsliv. Alt føregår på sosiale medium med episoder på fredagar, og i denne episoden kan du sjå frå Måløy.