Nestkommanderande ved Sogn og Fjordane Politidistrikt, Bjørn Larsen, seier til Fjordenes Tidende at statsadvokaten skal no har bestemt at Nordmøre og Romsdal politidistrikt skal etterforske brannen på Maurstadeidet måndag kveld.

Som kjent så var det regionlensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum, som hadde søkt om og fått løyve til å sette fyr på ei gammal falleferdig hytte.

Hytta eig han saman med kona, og det var heilt privat han skulle gjere dette.

Men då det kom litt vindt har gneistra frå denne hytta spreidd seg til ei nabohytte. Denne vart overtent på kort og brann ned til grunnen.

- Nordmøre og Romsdal politidistrikt skal etterforske denne brannen, slik det blir gjort rutinemessig ved alle brannar. Grunnen til at saka vert følgd opp av eit anna politidistrikt er at Hvattum og tenestefolka i Nordfjord vil vere ugilde, seier Larsen.

Han kan ikkje seie noko om kor tid dei sender folk ut på dei to branntomtene som ligg på fjellet mellom Åheim og Bryggja.