I dag, fredag, skin sola frå ein blå himmel, og skal ein tru langtidsvêrmeldinga vil vi få fleire slike dagar.

På yr.no sitt langtidsvarsel er det ikkje venta nedbør dei neste ni dagane, og vêrsymbola viser fleire dagar med sol.

Temperaturane er venta å ligge mellom 4 og -2 grader.

Er du ute i det fine vêret eller gjer du noko kjekt inne? Del bileta dine med Fjordenes Tidende sine lesarar ved å bruke #fjtno på Instagram eller send bileta dine på e-post til fjt@fjt.no.