– Vi skal lage eit heilt nytt senter med apparat for kondisjons- og styrketrening. Vi har rundt 450 kvadratmeter, så det blir stort, ope og luftig mellom apparata. I tillegg vil senteret innehalde garderobe og toalett, forklarar Blålid.

Det nye treningslokalet blir lokalisert i det same bygget som G-sport i Deknepollen.

– Vi får ein del gratis reklame når folk køyrer forbi, det er god tilgang til parkering, vi ligg vegg-i-vegg med ein sportsbutikk som kan tilby treningsutstyr og vi har ein matbutikk i nærleiken, samanfattar 26-åringen, og held fram:

– I tillegg blir senteret ein god kombinasjon med den planlagde turløypa i området som gir moglegheit for meir variert trening.

Blålid understrekar at han håpar det nye senteret kan vere eit supplement til treningssenteret som allereie er i Måløy.

–Dette blir eit heilt anna type senter enn det som er i Måløy, der vi skal ha fokus på eigentrening innan styrke og kondisjon. Senteret vil ha betening på faste dagar, men vil vere ope for medlemmar med nøkkelkort også utanfor betent opningstid.

Blålid er dagleg leiar i Måløy Verft og startar no senteret som han skal eige og drive sjølv.

– Eg har halde på med trening ei stund sjølv og eg har ei brennande interesse for kosthald og trening. For nokre år sidan byrja eg å jobbe på treningssenteret Sprek365 i Ålesund medan eg gjekk på skule, og sidan den gong har eg hatt ein draum om å ha noko eige. No dukka det opp ein sjanse, og då måtte eg slå til, fortel han, og legg til:

– Senteret blir ein del av Sprek365-kjeda, men det er eg som blir hovudeigar. Jo meir ein har å gjere, desto meir effektivt jobbar ein. Det er krevjande, men ein må berre legge ned den innsatsen som trengst.

Ombygginga startar rundt påske, og Blålid anslår at investeringane hamnar på mellom to og tre millionar kroner.

– Det er heldigvis eit bra lokale som gjer at vi kan bruke mykje pengar på treningsutstyr i staden for ombygging.

I starten vil Blålid gjere det meste sjølv.

– Eg satsar på å skape arbeidsplassar etter kvart. Målet er at vi kan få eit større tilbod til dei som vil drive som personlege trenarar eller drive med rådgjeving innan ernæring.