Eltvik & Åhjem har kjøpt Frimannsbua.

– Vi ønskjer å sy saman noko for både Åhjemsbuda og Frimannsbua slik at dei kan utfylle kvarandre. Så skal vi headhunte ein kreativ og flink person vi håpar takkar ja til jobben med å drifte dei for oss, seier Ståle Åhjem i Eltvik & Åhjem eftf. AS, som frå før eig og driv Åhjemsbuda i Selje saman med kona Azadeh Wilson.

Frimannsbua var eigd av AS Selje Hotel og har stått tom sidan hotellet brann i november. Åhjem håpar no at det kan bli meir aktivitet i sentrum.

Oppussing

– Vi vil pusse opp og lage det fint rundt buda. Det har ikkje vore gjort noko form av vedlikehald på nokre år, så det er ein ganske stor jobb å gjere med det elektriske og vatn, seier Åhjem.

Han ønskjer ikkje å gå ut med kva firmaet måtte gje for kjøp av Frimannsbua.

Ståle Åhjem og firmaet eig og driftar også Åhjemsbuda, som er pub og kafe. I tillegg er det utleige på toppen. Arkiv

Frimannsbua har to leilegheiter i tillegg til puben, og ligg i sjøkanten i Seljevågen.

– Du ville ikkje kjøpe Selje Hotel?

– Eg er med i ei gruppe som ser på moglegheita til å få realisert å få opp att Selje Hotel, og vi får sjå. Vi snakkar om ganske mykje pengar, seier Åhjem.

Oppussingsarbeidet på Frimannsbua startar når sommarsesongen er over.

– Kanskje får vi opna for drift på seinhausten, men det kan også bli over nyttår, seier Åhjem.

Lite turistar i Selje

På Åhjemsbuda merkar ein godt at det ikkje lenger er hotell i bygda.

– Det er veldig lite turistar i Selje. Vi driv med matservering på tredje året, og det var mykje meir folk innom i fjor og forfjor. Det er ein forrykande nedgang, seier Åhjem.

Saman med klosterbåten har dei likevel prøvd å skape aktivitet.

– Vi har hatt mykje blåturar og firmafestar med temakveldar. Så vi har overlevd på at firma og offentlege har brukt oss, der vi også involverer klosterbåten som for eksempel hentar firma frå Måløy og køyrer dei tilbake, seier Åhjem.

Elles har også Åhjemsbuda aktivitetar som sjakkveldar og quiz på fredagar og vil begynne med bingo på søndagar. Laurdag hadde dei Olav Stedje.

– Det var godt over 200 personar inne, så jammen kom det ein del, seier Åhjem.