– Ved utgangen av februar var det 1 114 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 212 færre enn for eitt år sidan og svarar til ein reduksjon på 16 prosent, fortel direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Med ei arbeidsløyse på 1,9 prosent har Sogn og Fjordane framleis lågast arbeidsløyse i landet.

På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 7 prosent frå same månad i fjor. Det er no 84 802 heilt ledige, tilsvarande 3,1 prosent av arbeidsstyrken.

– Vi ser også at situasjonen for dei andre vestlandsfylka er i ferd med å snu. I Rogaland er det 339 færre ledige enn på same tid i fjor. Dette gjev von om at vi no har sett toppen av problema som oljekrisa har skapt på Vestlandet, seier Thorsnes.

Førde og Flora med størst reduksjon

20 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon i arbeidsløysa i februar. Reduksjonen er størst i Førde og Flora med høvesvis 47 og 33 færre ledige enn på same tid i fjor. Solund har lågast arbeidsløyse med 0,7 prosent. Deretter kjem Gaular med 1,0 prosent. Den høgaste arbeidsløysa finn vi i Flora og Selje, begge med 3,3 prosent.

Det er nedgang i arbeidsløysa i alle dei største yrkesgruppene. Størst nedgang i arbeidsløysa er det innan bygg, anlegg og industri, som har høvesvis 66 og 46 færre ledige enn i februar i fjor. Det er også verd å merke seg at det no er ein reduksjon på 10 ledige innan ingeniør- og ikt-fag. Dette er den yrkesgruppa som har vore mest råka av oljekrisa.

I februar var det 137 heilt permitterte i Sogn og Fjordane. 37 av desse kjem frå bygg og anlegg og 50 frå industri (av dette 22 frå fiskeindustri).

Positivt for innvandrarar

Talet på heilt ledige innvandrarar frå vestlege land, som stort sett er arbeidsinnvandrarar, er redusert med 89 personar frå februar i fjor. Dette svarar til ein reduksjon på 35 prosent. Innvandrarar frå ikkje-vestlege land har ein reduksjon på 8 prosent, mens etnisk norske ledige har ein reduksjon på 12 prosent.

Samanlikna med februar i fjor, er det nedgang i arbeidsløysa i alle aldersgrupper, sett bort frå dei over 60 år, som har uendra arbeidsløyse. Nedgangen er størst i aldersgruppene under 30 år og aller størst i gruppa 20-24 år, som har ein reduksjon på 31 prosent.

Etter ein svært god stillingstilgang i janar, er det ein nedgang på 29 prosent i februar. Nedgangen er størst innan industri, bygg og anlegg, mens undervisning har størst auke.

Det er klart flest ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg.

– Sjølv om stillingstilgangen i februar har gått litt ned, er det framleis bra med ledige stillingar. I privat sektor er det også mange stillingar som ikkje vert lyst ut offentleg, seier Thorsnes.