– Om lag 100 deltakarar frå 14 nasjonar har meldt seg på. Det pleiar å vere rundt 20 nasjonar som deltek på EM, så vi manglar nokre, men vi ligg veldig godt i rute med tanke på at påmeldingsfristen ikkje er før i april, fortel Sunniva Oldeide og Mette Sandal i Måløy Havfiskefestival, og legg til:

– På det meste har vi hatt 100 fiskarar på ein dag i festivalen si fem år lange historie, og i år er målsettinga 150 deltakarar. Så dette blir noko heilt anna enn det vi har arrangert tidlegare år.

Fleire vil til Måløy

Så langt er fiskarar frå Belgia, Island, Russland, Sveits, Skottland, Gibraltar, Norge, Sverige, Italia, Irland, England, Tyskland, Danmark og Sør-Afrika, som har ei spesialavtale om å få delta i europameisterskapen, venta til Måløy.

– Vi ser at fleire av nasjonane stiller med fleire deltakarar enn dei gjorde i fjor. Eit døme på dette er Russland, som i fjor stilte med ein deltakar, men som i år er påmeldt med fem eller seks fiskarar. Så det er stor interesse rundt arrangementet, fortel Oldeide, som er leiar i Måløy Havfiskefestival.

– Vi har sendt ut brev til eit 40-tals båteigarar i Vågsøy, Selje, Bremanger og omland for å kome i kontakt med folk som kan stille med båtar under meisterskapen, fortel Kjell Oldeide, som er nestleiar i havfiskeklubben og Per Hageland, som er styremedlem.

Jaktar senger og hender

Det er ikkje berre båtar som må på plass for å kunne arrangere eit EM.

– Det er ei utfordring med overnatting. Vi har booka det vi kan booke, og vi har fått ein del private som kan stille med overnatting, men vi kjem nok til å jakte på fleire som kan stille med private løysingar, seier Oldeide.

– Vi er meir desperate etter båtar og senger enn frivillige, men vi tar sjølvsagt imot alle som vil vere med med opne armar. Vi manglar masse folk, men samstundes er det mange som seier at dei vil bidra, så det er utruleg kjekt, smiler ho.

Festivalen legg opp til kortare vakter for dei som vel å bidra.

– Vi ser føre oss firetimers vakter, og håper då at det skal vere lettare for folk å ta på seg ei vakt eller tre. Vi treng folk på alt frå kjøkken til innveging, forklarar Sandal.

Trass i at det er mykje som skal på plass før meisterskapen, har arrangørane tru på at det skal bli eit flott arrangement for deltakarar og lokalsamfunn.

– Det er veldig sjeldan at vi får vise fram plassen vår til så mange nasjonar, så eg håpar både handelsstanden og attraksjonar vel å nytte seg av dette. Vi er veldig interesserte i tilbakemeldingar eller tips på ting vi kan gjere.

Spesielle opplevingar

Oldeide legg ikkje skjul på at det på nokre område kan bli «kulturkrasj».

– I tillegg er det mogleg å få veldig mykje større fisk enn kva deltakarane er vande med frå før, legg Kjell Oldeide til.