– Selje er ei typisk ventehamn for båtar som skal nord om Stad, og ein har bruk for ein viss kapasitet, seier Jon Eikås, som nyleg måtte gå til neste hamn sidan det var fullt i Seljevågen.

Silda blei alternativet for Eikås, som ikkje fekk plass i Selje.

– Ein kan ligge på Silda, men der er det ingen butikkar og infrastruktur. Ein kan også ligge til kai i Måløy, men kanskje Selje har behov for den aktiviteten som kjem med at folk besøker staden, handlar og besøker klosteret. Eg tenker at det skulle vore bygd ut betre fasilitetar, seier Eikås.

Mister turistar

Gunnar Silden har merka seg den sprengt kapasiteten på Seljevågen i sommar, og at mange ligg ankra opp utanfor Selje.

– Dette er besøkande som vi gjerne skulle ha hatt. Ikkje minst så er det besøkande som handelsstanden går glipp av. Ein mister også folk til klosterbåten.

Seljevågen: Jon Eikås frå Eid kom tidlegare i veka til Selje med båten, men måtte snu fordi kapasiteten var sprengt. Ifølgje Gunnar Silden har dette skjedd fleire gongar i sommar. Han meiner ein no må gripe fatt i kaifasilitetane i Seljevågen som han meiner er for dårlege, samt sjå på moglegheitene for utvikling av kai på nordsida av Nabben i Selje.

Silden er kommunestyrepolitikar (Tverrpolitisk), Selje sin representant i hamnerådet i Nordfjord Havn IKS, jobbar i oppdrettsnæringa og ser tydeleg behov for oppgradering.

– Hamneanlegget som ligg der er eit gamalt oppdrettsanlegg, med sine avgrensingar. Og båtar over 50 fot får ikkje plass, seier Silden, og fortset:

– I Selje har vi sagt at vi skal satse på turisme, og då må vi legge til rette for turisme. Vi ser korleis andre får det til.

Nordsida av Nabben

Ei allmenningskai på nordsida av Nabben står på ønskelista, i eit samarbeid mellom kommune, næringsliv og Nordfjord Havn.

– To eigedomar på nordsida av Nabben er interessert i å lage kai på 80 meter, fortel Silden, som ser for seg plass til småbåtar, så vel som brønn- og servicebåtar. No må til dømes brønnbåtar gå til Måløy fordi det ikkje er djupne nok i Selje. Solide betongbrygger som toler tre meter høge bølgjer, vil kunne bøte på tidvis vêrharde vintermånader, meiner han.

– Før vi fylte inn på nordsida av Nabben for 10–15 år sidan så var det brygger der, seier han og avsluttar:

– Bryggene i vågen er for gamle og skulle vore utskifta, så ein kunne begynt med det.