Aldri har ventetida i Helse Førde vore kortare, skriv helseføretaket sjølv i ei pressemelding.

Den gjennomsnittlege ventetida for behandling i Helse Førde er nett no på eit historisk lågmål.

I april månad var den på 40 dagar, noko som er seks dagar kortare enn førre månad og langt under nivået i fjor. ​

I 2014 var ventetida i Helse Førde 70 dagar, og 65 dagar i fjor. Så langt i 2016 er ventetida på 46 dagar, og tendensen er at den stadig vert kortare.

– Nok ein gong eit resultat av god og målmedviten jobbing, seier fagdirektør Hans Johan Breidablik i Helse Førde.

Han ser at talet på ventande også kryp nedover. Nett no ventar 4325 personar på behandling i Helse Førde, noko som er 1645 personar færre enn på same tid i fjor.

Breidablik er spesielt godt nøgd med at denne utviklinga kjem samtidig som Helse Førde får svært god score på nasjonale kvalitetsindikatorar.