I høve Statens vegvesen sitt arbeid i Svelgen sentrum ber Bremanger lensmannskontor bilistane ferdast med omhu.

Bremanger lensmannskontor ser med uro på trafikktilhøva rundt Svelgen oppvekst i samband med at Statens vegvesen legg til rette for gatelys og rørarbeid i vegen.

– I høve pågåande vegarbeid på fv. 614 ved Svelgen oppvekst, ber vi trafikantane å vise særs aktsemd ved skulestart og skuleslutt, skriv lensmannskontoret på Facebook.

Det er avdekka problem både for gåande og køyrande, og sjølv i gangfelt på staden er det problematisk å krysse vegen, meiner lensmannskontoret.

Det lokale politiet ser at stor trafikk knytt til transport av elevar grunna improviserte stans skapar vanskar.

– Dette er også tilfelle for skulebussane då vegarbeidet gjer at busslommen ved skulen ikkje kan nyttast, seier politiet.

Betjentane ved lensmannskontoret opplyser at dei tidvis vil sjekke tilhøva og gå inn med direkte trafikkregulerande tiltak dersom dette syner seg aktuelt.