- Sjølvsagt blir det ikkje noko problem med Skatestraumtunnelen og kolonnetidene! Vi har leigd inn båt frå Kalvåg til Svelgen, seier valsekretær Hilde Jenssen Midtbø med eit smil.

Om valstyret skulle halde seg til kolonnetidene, ville ein måtte ha venta på Klubben-sida av tunnelen til klokka 22.05 før ein kunne køyre gjennom.

No kjem stemmene i staden avgarde relativt raskt etter at møtelokala stengjer.

- Dei stenger klokka 19 i Kalvåg og Bremanger, så gjer dei ei rask urnetelling der, før båten går rundt klokka, seier Jenssen Midtbø.

Første lokale stengjer seks

Då Fjordenes Tidende snakkar med valsekretæren litt før seks er det like før dei skal begynne å telle. For tre vallokal stengjer allereie klokka 18, i Davik, Leirgulen og Ålfoten.

Då er det opp til Jenssen Midtbø og Stien Senneset på Servicekontoret å scanne alle stemmesedlane som kjem inm, før ei maskin tek seg av tellejobben.

- Det blir færre menneskelege feil på den måten. Om vi får tilbakemelding frå maskina om at nokon stemmer er usikre, så sjekker vi dei manuelt, seier Jenssen Midtbø, som har gjort dette i mange år.

- Dette  er vel det tredje eller fjerde valet mitt. Dette kan vi!

Trur det vil gå fort i år

Dei to siste vala i Bremanger har stemmeopptellinga vore seint ferdig. Jenssen Midtbø trur det blir betre i år.

- Grunnen til at det tok tid dei siste to vala, har vore på grunn av dei elektroniske stemmene. Vi var feridg med opptellinga av dei andre stemmene i 22-tida, men dei elektroniske måtte vi vente på heilt til klokka to om natta.

Men i år har det ikkje vore elektronisk stemmegjeving i Bremanger.

- Så vi håpar det kan bli litt tidlegare enn sist, om ikkje noko uføresett skjer då, seier Jenssen Midtbø.

Klokka 20.30 samlar valstyret seg på rådhuset i Svelgen. Valstyret er det same som formannskapet. Dei er der for å godkjenne protokollen frå valet og tek også stilling til stemmesedlar som maskina er usikker på om er gyldige.

- Og hvis heile systemet av ein eller grunn skulle dette ned, må dei også telle! avsluttar Jenssen Midtbø.