Ho håpar det felles barnetoget med barn frå heile Vågsøy kan bli etablert som ein god tradisjon etter at ein no har gjort det dei to siste åra.

– Det er lettare å gjennomføre for barnetoget enn for folketoget sidan det skjer tidleg på dag. Og så dreg ein kvar til sin stad etterpå og held fram med tradisjonane ein har der.

Rett etter barnetoget blir det fellesnummer for alle korpsa på torget.

– I år skal dei i tillegg til «Ja, vi elsker» også spele ein felles marsj, seier Eide Tennebø.

Ho peikar på ho trur felles tog er kjekt for barna.

– Dei har så mange aktivtetar saman på tvers av skulekrinsar, at dei kjenner kvarandre litt, og då er det kjekt å treffast på 17. mai også.

Flotte tog blir det andre stadar i dekningsområdet vårt også. I Berle i Bremanger går toget til musikk frå ein amerikanar med sekkepipe. I Bremanger blir det også tog, talar, leikar og folkefest, men her blir også naturstien opna, der ein kan vere med på ein liten familietur med quizpostar.