Frå i år blir det innført totalkvotar i fisket etter leppefisk. I tillegg blir opningstidene for fisket endra.

Det har dei siste åra bygd seg opp ei næring ved å fiske etter leppefisk som blir brukt som rensefisk i oppdrett.

– Dette har resultert i eit stort press på bestandane av leppefisk langs kysten, og Fiskeridirektoratet vil difor skjerpe regelverket for å innta ei meir aktiv føre-var-haldning, skriv Fiskeridirektoratet på sine nettsider.

På Vestlandet frå Rogaland til og med Sogn og Fjordane, opnar også fisket 11. juli, og her er totalkvoten 10 millionar leppefisk.

– Som før må alle fritidsfiskarar som fiskar leppefisk som skal brukast som rensefisk i oppdrett av laks og regnbogeaure ha ein leveringsavtale for å kunne drive fiske, skriv Fiskeridirektoratet.

Frå 2016 må også yrkesfiskarar som fiskar med teiner og ruser ha leveringsavtale for å drive fiske etter leppefisk.