Namn:Bjarne Sætrenes
Parti:Vanylven Frp
Alder:51 år
Bustad:Åheim
Yrke:maskinførar og deltidsbonde

Vanylven Framstegsparti sin ordførarkandidat, Bjarne Sætrenes, er klar på at Vanylven kommune er for liten til å bli ståande igjen aleine etter kommunereforma.

– Vi ser det som naturleg at vi vert ein del av fellesskapet med dei nærliggande kommunane nord om Rovdefjorden. Og dersom Selje kommune og Vågsøy kommune vil vere med nordover, så vil dette skape ein sterk kystkommune og ein solid region sør om Rovdefjorden, slår Frp-kandidaten fast.

Som dei andre ordførarkollegaene i Vanylven er arbeid for samferdsleløysingar prioritet nummer 1 for Sætrenes.

– Samferdsle vil ha topp prioritet dei neste åra. Vi vil i den komande perioden spisse strategien inn mot samferdsle generelt og realisering av Rovdefjordsambandet spesielt, seier ordførarkandidaten.

Han meiner at Framstegspartiet har gode «samferdslefolk» på fylkestinget i Møre og Romsdal og i regjeringa, og at Vanylven Frp vil vere eit naturleg kommunikasjonsledd for å kunne påverke desse.