Både politi og kommune meiner det er realistisk med ei forskrift for utvida bandtvang i Selje slik bondeorganisasjonane ynskjer.

Hundelova seier at hundar skal haldast i band eller forsvarleg inngjerda frå 1. april til 20. august. No jobbar Selje og Stadlandet bondelag, Stadt sankelag, Kystgeitlaget og Selje sau og geit med forslag til ei forskrift om utvida bandtvang til 15. november som dei vil kommunen skal godkjenne.

Lova opnar for å utvide tida for bandtvang i kommunar der det blir vurdert til at lova ikkje gjev nok tryggleik.

Mørketal

– Selje er ein jordbrukskommune så eg ser ikkje noko problem med ei forskrift som utvidar perioden for bandtvang. No har det ikkje vore så mange meldingar til politiet om problem med lause hundar i perioden med bandtvang, og det må vere eit grunnlag for ei forskrift. Men eg forstår på folk her at det er store mørketal, seier lensmann i Selje Kjetil Drange.

Han var invitert til møte med bondeorganisasjonane på garden til Vigdis Bakkebø i Kjødepollen for å diskutere problematikken.

Lensmannen seier det er absolutt bandtvang i perioden 1. april til 20. august. Det vart påpeika at det går mykje både sau og geit ute heile året i området, og at det styrkjer kravet om utvida bandtvang.

– Lova seier at eigaren skal ha kontroll på hundane utanfor tidsperioden. Det ivaretek dyra på vinterbeite. Men dette er eit argument for ei forskrift, meiner Drange.

Neste generasjon: Anette Bakkebø er god ven med kystgeitkjea som nyleg er fødde på garden i Kjødepollen.

Må melde frå

Dei frammøtte fekk høyre om episodar i ulike bygder. Ifølgje bøndene er det eit særleg problem med turistar som ikkje held seg til lova, men let hundane springe fritt i det opne landskapet.

– Vi opplever at når vi påpeikar det, nektar dei for at det er deira hund. Så går det ei stund så tek dei hunden i bilen og forsvinn. Då rekk vi ikkje å melde det inn til politiet. Vi burde vore flinkare til å melde frå til politiet om brot på bandtvang, med tanke på at ei forskrift må ha eit grunnlag å byggje på, innser Vigdis Bakkebø, nestleiar i bondelaget.

Lensmann Kjetil Drange minner om at hundeeigarar som ikkje har kontroll på hunden sine er erstatningspliktige dersom hunden skadar eller drep eit husdyr.

Men han åtvarar mot å ta lova i eigne hender i møte med lause hundar. På møtet fekk ein høyre om episodar der det er vurdert avliving av slike hundar, men dette meiner altså lensmannen er ein dårleg idé.

– Det er ikkje rom for at ein tek lova i eiga hand. Det er lov å forsvare husdyr som blir angripe av ein laus hund. Her kan det vere vanskeleg å seie kvar grensa går. Folk må bruke sunn fornuft.

Lensmann Dyregod: Kjetil Drange, lensmann i Selje, og kystgeitkjea fann tonen under møtet om bandtvang nyleg.

Leiar for plan, utvikling og landbruksforvalting i Selje kommune Kristian Nave er positiv til ei forskrift om utvida periode for bandtvang.

– Eg er innstilt på å kome med forslag om å vedta lokal forskrift. Men vi må sjekke grunnlaget, så vil det bli ein diskusjon om kor langt utover hausten ein skal setje fristen. Det er ikkje banka at vi skal utvide fristen til 15. november. Det er eit poeng at det er dyr ute om vinteren, men etter lova skal hundeigarane ha kontroll på dyra sine i perioden utan bandtvang. Vi må ta omsyn til begge partar, seier Nave til Fjordenes Tidende.