I dag, tysdag, startar ankesaka mellom Danske Bank og Bremanger kommune. Om Bremanger vinn også i Høgsterett, kan det løyse mange av dei økonomiske problema kommunen har.

Rådmann Tom Joensen har vore positiv gjennom heile prosessen.

Men Danske Bank anka likevel.

Saka reiser spørsmål om gyldigheita av tre ulike derivatavtalar Bremanger kommune har inngått med Danske Bank.

Sjølv om det var dåverande rådmann som endra kommunen sitt finansreglement slik at det opna for kjøp av slike høgrisikoopsjonar der ein spekulerer i framtidig rentenivå, meiner rådmannen at banken burde ha forstått at dei ikkje skulle inngå desse avtalane som faktisk er ulovlege. Dette har Bremanger allereie fått medhald i i to omgangar i retten.

Summen på cirka 120 millionar kroner representerer dei samla tapa Bremanger kommune har måtta bokføre sidan dei inngjekk avtalane. Dette er tap som kom i tillegg til dei over 200 millionane dei allereie hadde tapt på dei andre Terra-avtalane.

Om Bremanger no vinn ein endeleg sigar kan desse milllionane førast tilbake til kommunen.

Det er sett av totalt to og ein halv dag til saka.