Då Steinar Hammersvik og kona var ute og fiska ved Endal i Bremanger laurdag, suste plutseleg skota kring øyra deira.
– Det var verkeleg ei ufyseleg oppleving. Eg må seie eg blei redd til slutt, fortel Steinar Hammersvik, som har meldt frå om hendinga til politiet.
– Dette er heilt klart uforsvarleg omgang med våpen og klart uaktsamt. Det vil få konsekvensar for vedkommande, seier lensmann i Bremanger, Hans Rune Strandos, som har begynt å nøste i den spesielle saka.
Hammersvik var saman med kona Galina då skota small. Ekteparet frå Davik var ute og fiska, og låg ein 50–60 meter frå land ved bygda Endal då kulene kom susande, rundt klokka halv fem – kvart på fem laurdag.
– Vi høyrte at det small litt oppe i bygda, men tenkte ikkje meir på det. Vi flytta oss austover mot Askeland og Ugla då vi plutseleg høyrte ein slags pistrelyd, noko som suste forbi. Kona mi, som er russisk, har opplevd mykje og er van med krig og kuler. Ho sa med ein gong «det var ei kule!» Det kom alt i alt fem kuler rett forbi oss.
Etter kvart blei ekteparet redde.
– Eg forstod det ikkje til å begynne med, men når du høyrer lyden av kulene er dei ikkje langt unna deg. Eg følte meg rett og slett ikkje vel til slutt.
Etter nokre timar bestemte ekteparet seg for å ringe politiet.
– Vi følte vi måtte gjere det for det var såpass skummelt, seier Hammersvik.
Les kva politiet seier om saka i vår papirutgave onsdag 14. mai.