Først likte dei det slett ikkje, men så blei det heilt greitt. Eit tre vekers prøveprosjekt med mobilfri skuledag på Hauge skule har skapt meir sosiale og aktive ungdommar.

– Eg har sett ei stor utvikling på dei tre vekene vi har prøvd dette. Det var ikkje så mange av elevane som var positive i starten, men no registrerer eg knapt negative kommentarar, seier lærar Roger Nyborg.

Thea Victoria Kvåle Ytre-Hauge i niande klasse er einig.

– Det går heilt greitt eigentleg sjølv om dei fleste nok helst ville hatt mobilen. Men det er nok sant at det har blitt mindre klaging etter kvart. Folk spelar meir kort og sånn, og ein kan jo snakke saman, seier ho.

Heile ungdomssteget – åttande til tiande klasse – har vore med på testperioden. Mobilane har blitt samla inn om morgonen og levert ut igjen ved skuleslutt.

– Det har ikkje vore så firkanta at elevane har måtta legge igjen telefonane heime. Dei treng dei ofte etter skuletid. Og om det skulle oppstå behov i skuletida, får dei bruke dei. Men det har vore lite masing etter telefonane, seier Nyborg.

Ville betre det sosiale

Hauge skule hadde ikkje eit utprega problem med at mobilbruk forstyrra undervisninga og det faglege.

Men dei såg at det kanskje kunne ha ein negativ påverknad på det sosiale.

– Vi har sett at det har prega det sosiale, og det finst nok elevar som lir under det. Men i prøveperioden har ein henta inn igjen det sosiale, meiner eg. Det har vore veldig mykje kortspeling, bordtennis og andre aktivitetar, seier Nyborg.

No skal lærarar og elevar evaluere dei mobilfrie vekene.

– Eg synest vi har fått eit meir levande ungdomssteg og er glad for at vi gjorde dette. Men elevane skal også få seie si meining etter å ha fått kjent på kroppen å vere utan mobil.

Thea synest det gjekk greitt.

– Men det er kjedeleg når du vil vise noko som skjedde i går og så har du ikkje mobilen, seier ho, og forklarer at ho brukar den mest til bilde og til å gjere avtaler med foreldre og vener.

Ho er ikkje heilt sikker på om ein treng mobilfri skule på Hauge. Ho opplever ikkje at det har vore eit stort problem.

– Men om det no skulle bli mobilfri skule frå hausten, så kan du leve med det?

– Jada, det går greitt.