– Det er utruleg gledelege nyhende å få at Forsvaret har lagt til side avgjerda om å legge ned Firda kaserne i Eid.  Å halde på eit øvingsanlegg for Forsvaret  i Sogn og Fjordane er viktig for samfunnsberedskap og forsvarsevne på heile Nordvestlandet, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V) i ei pressemelding.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Nordfjordeid har ei nær 400 år lang historie som øvingsstad for Forsvaret. Sidan 1970-talet har Firda Kaserne vore Heimevernet sitt øvingssenter her, først for  HV-10, seinare for HV-11.

I januar 2015 foreslo Heimevernet å legge ned og selje Firda kaserne.

– Ei brei mobilisering i heile Sogn og Fjordane gjorde at avgjerda våren 2015 vart utsett i to år, i påvente av ei nærare vurdering av Heimevernet sine framtidige behov for øvingsanlegg og lokale. No har dei to åra gått, og Sjef for HV-11 John Arvid Svinland er nylig blitt underretta om at Heimevernet si avgjerd er at dei likevel ikkje vil avhende anlegget, men halde fram aktiviteten, heiter det i pressemeldinga.

– Eg trur vi er inne i ei tid då det er viktigare enn på lenge med eit forsvar som er til stades og kan mobilisere over heile landet, seier Alfred Bjørlo.

– Vi treng eit sterkt, godt utrusta og godt trent Heimevern. Avgjerda om å halde oppe Firda Kaserne er eit synleg teikn på at fleire no omsider har fått augene opp for dette også nasjonalt. Eg håpar Firda Kaserne kan utviklast vidare til eit trenings- og øvingsanlegg også for andre aktørar med trong for det, til dømes Politiet og Sivilforsvaret, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.