Ifølgje sakspapira til formannskapet i Vanylven er det eit ønskje om ny mannskapsbil til Syvde, då den noverande bilen kan vere farleg å køyre. Mannskapsbilen dei bruker i dag er ein 1990-modell – 25 år gamal.

– Når bilar kjem opp i ein viss alder, så er det på tide å skifte ut, fortel Magne Lundehaug, brannsjef i Vanylven og understrekar at den nemnde bilen er godkjent for drift.

– Men ein skal av og til køyre litt fort med desse bilane, legg han til.

Brannsjefen fortel at det er 21 tilsette i brannkorpset i Vanylven, og at dei totalt har fem bilar fordelt på to stasjonar.

– Vi har det vi er pålagt å ha, men behovet kan vel diskuterast. Budsjettet er lågt, og eg vil jobbe for å få det opp. Det er vi nøydde til, fortel Lundehaug, men legg til at dei forsøker å innrette seg etter det budsjettet politikarane har sett av.