– Dette kan politikarane takke seg sjølve for, meiner Sindre H. Kvalheim.

Meiningsmålinga gjennomført av Fjordenes Tidende, Firdaposten og NRK viser at 62 prosent av dei 597 spurde vågsøyværingane er mot ei samanslåing av Vågsøy og Flora, 31 prosent er for og 7 prosent veit ikkje.

Ingen ny informasjon

– Det er ikkje kome noko ny informasjon om kvifor ein skal vere for dette her. Eg skjønar at folk er skeptiske, det einaste ein har hatt er eitt folkemøte. Det har ikkje kome noko informasjon frå partia sidan ein vedtok folkeavrøysting. Opplysningsstrategien til ja-partia Ap, Høgre og Venstre, er heilt fråverande, meiner han og legg til at han synest den politiske handteringa av saka har vore håplaus frå første dag.

– Men ein må jo respektere at ein stor del er i mot, eller føler at dei ikkje har nok informasjon, seier Kvalheim, som også saknar spørsmål om folk synest dei har fått nok informasjon i saka i spørjeundersøkinga.

Meiner politikarane må ta det til seg

Kvalheim presiserer at han ikkje snakkar på vegner av nokon andre enn seg sjølv, men seier at han meiner at ein burde halde retninga på Kinn når vedtaket er gjort for å skape ny vekst.

– Ein set dei tilsette i ein uheldig situasjon, og gjer jobben til forhandlingsutvalet vanskeleg. Det bør politikarane ta til seg. Har for eksempel Høgre gjort det dei kan, etter at dei fekk gjennom folkerøysting, for å informere om dei positive sidene ved dette, eller har dei vore heilt stille?

– Ein må få forklart for befolkninga kvifor dette er positivt. Det eg føler at eg slit med, er å vite kven eg skal høyre på. Det hadde til dømes vore greitt å få eit klart svar på om det kan det takast omkamp eller ikkje? Eg synest det er merkeleg politisk handtering på heile greia, og resultatet er såleis ikkje uventa.  Viss ja-politikarane verkeleg meiner noko med Kinn, så treng Vågsøy no profesjonelle politikarar, tydeleg politisk retning, godt samarbeidsklima og ein gjennomtenkt kommunikasjonsstrategi.