Selje Hotel var fullforsikra hos Gjensidige, som framleis avventar politiet si etterforsking og rapport.

– Dersom brannen skulle vise seg å vere ein forskikringssvindel, kva skjer då?

– På generelt grunnlag kan vi seie at når bustader, bilar eller andre gjenstandar er antent med vilje for å få utbetalt eit forsikringsoppgjer, er dette svært alvorleg. Ein ting er dei økonomiske og dei materielle skadane, men ein utset også personar og omgjevnader for ekstrem fare, og det er kanskje det verste i slike saker. Blir ein dømd i slike saker, risikerer ein å få null i erstatning, seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

Arkiv

Han bekreftar vidare at verdiar tapt i forsikringssvindel ikkje vil bli erstatta.

Når det gjeld Selje Hotel, ventar arbeid med riving og rydding. På eit generelt grunnlag vil det ifølgje Voll vere eigar som må dekke kostnader med riving og gjenoppbygging, dersom eigar blir dømt for forsikringssvindel.

– I nokre tilfelle går offentlege etatar inn og gjer dette arbeidet, spesielt om det er fare for liv og helse, seier Voll.