– No har vi tatt steg nummer ein her på kysten, og vi kan få ta del i det kysten har å by på. Det har vi gått glipp av i tiår, seier Sindre Kvalheim i LocalHost.

–  Eg vil gratulere Høgre sine folkevalde. Når dei blei tvungne til å ta eit val, så gjorde dei det. Det står det respekt av. Så håpar eg at dei vil sleppe skitkasting i media seinare, seier han, og fortset:

– Personleg synest eg det er bra. Fleirtalet har sett eit vedtak, og frå no til evig tid håpar eg at Vågsøy sine innbyggjarar og politikarar blir flinkare til å respektere dei vala som politikarane tek. No har dette skjedd og då må vi bare dundre på, seier han.