– No jobbar vi med å finne eit eigna lokale på 100 til 200 kvadratmeter der vi kan starta produksjon for marknaden. Eg er heilt avhengig av å få med ein investor i løpet av dei neste månadene for å kunne gå vidare. Vi treng opp til 2,5 millionar kroner for å byggje opp drifta slik vi ynskjer. For tida er eg i samtale med ein mogleg investor. Men ingen ting er avklart, seier gründer av selskapet FjordAlg, Gabriel Ossenkamp.

Ossenkamp har fått i overkant av 600.000 kroner av Innovasjon Norge til å gjennomføre pilotprosjektet han har sett opp i hagen heime i Svelgen. Elles finansierer han satsinga sjølv, og eig per i dag FjordAlg AS 100 prosent sjølv. Tanken er at eventuelle investorar kjøper seg inn på eigarsida.

Oppdrettsnæringa interessert

Det er tidlegare omtalt i media at Alex Vassbotten i oppdrettarselskapet Steinvik Fiskefarm har vist interesse for prosjektet. Vassbotten satsar mellom anna stort på landbasert smoltproduksjon i Svelgen. Og nettopp i oppdrettsnæringa ser Ossenkamp ein marknad.

– I dag blir det brukt syntetisk tilsetting for å gje oppdrettslaks ekstra raudfarge. Dette er eit naturprodukt som vil ha same effekt. Ein blandar det i pellets som fisken blir fôra med. På dette området manglar nokre godkjenningar, slik at dette ligg nokon år fram i tid. På kort sikt er hovudmarknaden kosttilskot

Inne i drivhuset i hagen heng produksjonseiningar på stativ oppetter veggane. Inne i einingane har det danna seg grøn og raud væske. Den fargeproduserande mikroalgen heiter Haematococcus pluvialis. Namnet på fargestoffet er astaxanthin.

Til kosttilskot er det algen Spirulina han dyrkar fram.

Ossenkamp har sett på moglege produksjonslokale både i Bremanger og Flora, og ser føre seg å kunne sette opp to einingar som til saman produserer cirka 100 liter «algesuppe» per kvadratmeter. Det blir i tilfelle 20.000 liter i eit 200 kvadratmeter stort lokale. Planen er også å tørke og knuse algane til ferdig pulver.

– Det er ein jobb å gjere. Algepulveret blir sendt til ein tredjepart som lagar ekstrakt. Prisen ein kan få er 1000 Euro per kilo ekstrakt, forklarer Ossenkamp om potensialet i forretninga.

Startar med algar frå algesamlingar

Det som endar opp som einingar med algesuppe, startar med 20 milliliter frå ei algesamling.

– Det finst algesamlingar fleire stader, til dømes hjå Norsk Institutt for Vannforskning, NIVA, i Oslo. Det startar kanskje med 20 milliliter frå algesamlinga, så skal du få det til å bli hundretals liter. Førebels har eg ikkje eit godt mål på tidsperspektivet, det er noko av det eg har prøvd å finne ut av. Det ligg avgrensande faktorar der som lys og varme. Det er 18 grader i drivhuset, det verkar som ein god temperatur, seier Gabriel Ossenkamp.

Mannen med doktorgrad i kjemi er opphavleg frå Arvika i Sverige. Han kom til Svelgen i 2007, først for å jobbe som produksjonssjef i Elkem, så var han verkssjef. Til saman var han sju år i Elkem. I tida etterpå jobba han mellom anna på konsulentbasis for eit anna algeselskap.

– Då eg kom til Svelgen, var her eit lite prosjekt på mikroalgar. Det var her eg vart merksam på algar første gongen. At det ikkje berre er grønt slim, men faktisk levande organismar som er nyttige.

– Eg hadde jobba for andre lenge, og hadde lyst å prøve å få til noko på eiga hand.

Ser at der er ein marknad

Ossenkamp seier at han merkar godt at der er ein marknad for algeprodukt.

– Då prosjektet byrja få omtale, vart eg heilt ut av det blå oppringt av ein kosttilskotprodusent frå Hong Kong som var interessert i produktet, seier Ossenkamp, og legg til:

– Dette er ein kontakt det er mogleg å jobbe vidare med, seier han.

FjordAlg er allereie med på eit kommersielt produkt. Energidrikken Norwegian Energy vart nyleg lansert av bensinstasjonskjeden Cirkle K.

Denne drikken har algar frå Svelgen som ein av ingrediensane.