Det heile starta med ein rotur til Shetland i 1969. Meir enn ein mannsalder seinare er Ragnar Thorseth eit hav av opplevingar rikare – og klar for nok ei utfordring.

Når eventyraren Ragnar «Ratho» Thorseth i ein alder av 67 år legg ut på sin tredje rotur over Nordsjøeen til Shetland, er det mange som dreg parallellar til dei to føregåande. Sjølv er han mest oppteken av skilnadane, og det nye han skal tilføre merittlista.

– Båten eg ror i no, er nærmast eit romskip å rekne i forhold til dei to andre. 150 kilo tyngre, full av flytemiddel og batteri er det både ein fordel og ei ulempe, seier han.

– Dessutan ror eg over dobbelt så langt denne gongen. Eg skal ro heim att òg, fortel eventyraren, som vil vise at eldre, eller «meirårige», kan få til minst like mykje som dei unge.

– Erfaring og kunnskap er gull verdt, konstaterer han.

Set alle opplevingar like høgt

Og det er ikkje tvil om at «Ratho» både har massevis av kunnskap og erfaring.

I tillegg til dei to roturane til Shetland, har han vore med på fleire krevjande ekspedisjonar, deriblant overvintringa på Svalbard saman med familien. Han har også reist Nordishavet rundt og tilbrakt fem månadar i båt over Atlanteren. I tillegg passerte han Nordvestpassasjen slik Roald Amundsen gjorde det, berre 75 år etter.

– Eg rangerer ikkje opplevingane mine. Det viktigaste for meg er å utfordre meg sjølv, seier Thorseth, som også har segla jorda rundt, og leia andre over Polhavet via Nordpolen.

Kjem tilbake til Måløy

Eventyraren, som har besøkt både kjente og ukjente hamner og opplevd fleire kulturar enn dei fleste, har eit heilt spesielt forhold til Måløy.

– Eg tilbrakte tre fine år her i ungdomen. Det var då eg bestemte meg for å gjennomføre den første ekspedisjonen, så på sett og vis var det her eventyret starta, seier «Ratho». Han lovar å kome tilbake til Måløy og fortelje om denne siste turen over Nordsjøen for årar. For han kjem til å gjennomføre, uansett kor gal andre meiner han er.

– I kyrkja seier presten: «La Guds vilje skje». Eg seier: «Min vilje skje», brummar Thorseth.