Skjærbuda på Silda har stått utan drivarar sidan 2015. Det har ikkje meldt seg interessentar, og buda ligg framleis ute for sal.

– Det har ikkje meldt seg leigetakarar eller kjøparar. Vi hadde eit ønskje om at det skulle kome inn nye folk med ny giv som kunne drive Skjærbuda vidare, fortel Per Erling Sætren, som saman med broren Paul Sætren og Kenneth Svoren eig Skjærbuda.

– Veldig trasig

Sidan 2008 har brørne Sætren og Svoren stått som eigarar og leigd ut buda. Det har fram til no vore drift kvar sesong sidan dei tok over.

For to år sidan tok Charlotte Tytingvåg over drifta, men ho gav seg etter fjoråret. Sidan då har Skjærbuda stått utan nye leigetakarar. Buda ligg ute for sal, og eigarane har teke imot enkelte meldingar frå privatpersonar som har vist interesse. Håpet til Sætren er at ein skal finne nokon som vil drifte buda vidare, men grunna mangel på bustad til eventuelle drivarar kan dette, ifølgje Sætren, bli vanskeleg å få til.

– Eg syns det er veldig trasig at det ikkje blir drift. Det hadde vore den beste løysinga. Dette har vore ein møteplass for båt- og hyttefolk og fastbuande, og det vil bli eit stort sakn om det skal ende opp på private hender, seier Sætren.

Mettningspunktet er nådd

Sætren og Svoren har lagt ned mange arbeidstimar på Silda. I 2012 vart kjøkenet bygd ut og oppgradert med nytt storkjøkenutstyr, kjølerom og personalrom. Tidlegare har dei også oppgradert flytebryggene, investert i nytt elektrisk anlegg og bygd landfast bru.

– Vi har lagt ned mykje arbeid og brukt mykje av fritida vår på å oppgradere anlegget, seier Sætren. Dersom dei ikkje skulle finne kjøparar til buda, er det også eit alternativ at eigarane ønskjer å nytte Skjærbuda til privat bruk.

Tidlegare år har Skjærbuda starta sesongen med ein hattefest i samband med påske, men heller ikkje den blir det noko av i år.

– Det blir ingen arrangement frå vår side. Vi som eigarar har ikkje moglegheit til å drifte buda, seier Sætren.