På generalforsamling i Kystvegen Ålesund-Bergen sist veke blei varaordførar i Flora, Jan Henrik Nygård (V) valgt som ny styreleiar for 2 år. Kristin Maurstad, Gunn Åmdal Mongstad og Karstein Totland vart vald som styremedlemmar for same periode.

Det gjer at styret ser slik ut:

Jan Henrik Nygård, varaordførar Flora, styrets leiar(ny)

Anders Riise, ordførar Hareid, styrets nestleiar

Arve Helle, Fjaler

Gunn Åmdal Mongstad, ordførar Solund (ny)

Dag Vågen, ordfører Sande

Kristin Maurstad, ordførar Vågsøy (ny)

Karstein Totland, ordførar Masfjorden(gjenvalgt)

Varamedlemmar:

Asle Wingsternes, Bergen

Lena Marie Landsverk Sande, ordførar Vanylven

Tore Johan Øvstebø, varaordførar Ålesund

Frida Melvær, ordførar Askvoll

- Eg gler meg til å bidra til å sette trykk på arbeidet med kystvegen. Kystvegen er en unik samarbeidsorganisasjon, og det faktum at kvar einaste kommune på kysten mellom Ålesund og Bergen er medeigarar visar at det er ein samla region som står bak dette arbeidet. Stamvegutredninga på 90-tallet syner at det vil gi en enorm verdiskaping å få knytta saman dei sterke næringsklynga på kysten til fleire felles bu- og arbeidsområde, så for kvar krone staten eller fylkeskommunen investerar i Kystvegen skal vi levere tilbake mangedobla som skattekroner til felleskapet gjennom vekst og utvikling.  Neste året blir det viktig å få fram dei gode argumenta framfor Stortingets behandling av NTP våren 2017, blant anna om ønsket om å få Kystvegen omklassifisert til riksveg med eit felles vegnummer heile vegen frå Ålesund til Bergen. I tillegg skal vi også arbeide for at både HAFAST, Rovdefjordbrua og 45-minuttsregionen mellom Måløy-Florø kjem inn som prioriterte tiltak i NTP 2018-29, seier Jan Henrik Nygård i ei pressemelding.