MartinTungevåg (19) frå Stadlandet, som bur på Lillehammer, vann NRK mp3 si konkurranse omårets russelåt med songen Snow.

– Det erei god kjensle å få tittelen årets russelåt. Og så er det stor stas at den blirspelt kvar dag på NRK mP3, seier Tungevåg til Fjordenes Tidende.

– Kva handlar sangen om?

– Det er ein typisk russelåt og elektronisk musikk. Det er einrussebuss frå Lillehammer som har eit konsept som går på snøkrystallar.

Tungevåg er elev på Mesna vidaregåande skule på Lillehammer.

Songen laga han i november i fjor etter var ei spesialbestilling fråein gjeng russ som ville ha låta til russebussen sin.

Deisiste vekene har fem finalesongar kjempe om å få flest stemmer i NRK mP3 sirusselåt-kåring. 31,3 prosent av stemmene heldt til seier.

– Eg er jo veldig stolt, Snow Crystals 3013 fekkover 1.000 stemmer meir enn andreplassen, seier Tungevåg nøgd til NRK.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.