– I 2016 er arbeidsløysa i Sogn og Fjordane redusert med 6 prosent samanlikna med 2015. I 2017 trur vi at arbeidsløysa kan bli endå lågare, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

– Det er mange positive utviklingstrekk på arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane. Dei siste to åra har vi hatt ei veldig annleis utvikling enn nabofylka på Vestlandet og prognosen vår syner at den positive utviklinga vil halde fram i 2017, seier Thorsnes.

Lågast i landet

Med 964 heilt ledige, noko som utgjer 1,6 prosent av arbeidsstyrken, har Sogn og Fjordane klart lågast arbeidsløyse i landet.

Det er 165 færre enn i desember i fjor, noko som svarar til ein reduksjon på 15 prosent. Berre Telemark og Nord-Trøndelag har større reduksjon enn Sogn og Fjordane.

På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 3 prosent frå same månad i fjor. Det er no 78 556 heilt ledige, tilsvarande 2,8 prosent av arbeidsstyrken.

Flora med størst reduksjon

18 kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon i arbeidsløysa i desember. Størst reduksjon har Flora med 62 færre ledige enn på same tid i fjor.

Lågast arbeidsløyse har Hornindal med 0,6 prosent. Deretter kjem Leikanger og Gloppen, begge med 0,7 prosent. Den høgaste arbeidsløysa finn vi i Hyllestad med 5,2 prosent og Vågsøy med 3,1 prosent. Det høge talet i Hyllestad skuldast at 15 av dei 38 ledige er permitterte.

Positiv utvikling i bygg og anlegg

Størst nedgang i arbeidsløysa er det innan bygg og anlegg og serviceyrke, som har høvesvis 66 og 32 færre ledige enn i desember i fjor. Også innan industrien (- 26 personar) er det ei positiv utvikling. Ingeniør- og ikt-fag har størst auke, med 11 personar.

I desember var det 116 heilt permitterte i Sogn og Fjordane. 35 av desse kjem frå fiskeindustrien, 18 kjem frå industri elles og 25 frå bygg og anlegg. Resten fordeler seg på mange næringar.

Positivt for innvandrarar

Talet på heilt ledige innvandrarar frå vestlege land, som stort sett er arbeidsinnvandrarar, er redusert med 75 personar frå desember i fjor. Dette svarar til ein reduksjon på 33 prosent. Innvandrarar frå ikkje-vestlege land har ein reduksjon på 15 prosent, mens etnisk norske ledige har ein reduksjon på 9 prosent.

I desember var det ein tilgang på 194 nye ledige stillingar. Dette er ein auke på 15 prosent frå same periode i fjor. Det er flest nye ledige stillingar innan industriarbeid og helse, pleie og omsorg. I 2016 har stillingstilgangen auka med 20 prosent, samanlikna med 2015.