Namn:Frank Willy Djuvik
Parti:Sogn og Fjordane Frp
Alder:35 år
Bustad:Florø
Yrke:gruppeleiar for Frp på fylkestinget

Sogn og Fjordane Frp tar sikte på å avgrense asyl- og flyktningstraumen til fylket.

– Gjennom ein misforstått snillisme, der ein trur at berre ein tek imot flest mogleg innvandrarar, så skal ein redde både verda og folketalet i fylket, så er dei andre partia i ferd med å bryte ned velferdsordningane vi har i dag, meiner Frank Willy Djuvik.

Frp sin fylkesordførarkandidat meiner kostnadane ved ein uansvarleg busettingspolitikk og manglande integrering, vil bli så store at tenestetilbodet i kommunane vil verte svekka.

Han vil heller hjelpe hundretusener fleire flyktningar i deira eigne nærområde. Djvuik nemner å avgrense straumen av flyktningar som ei av Sogn og Fjordane Frp sine viktigaste saker i den neste fylkestingsperioden, men den aller viktigaste saka er å realisere Kystvegen og starte arbeidet med Måløy-Florø i perioden.

– Dette er det desidert viktigaste enkeltprosjektet for å sikre framtidig auke i verdiskapning og folketal i Sogn og Fjordane, meiner Djuvik.

Ei forenkling og avbyråkratisering av offentleg sektor står og høgt på ønskelista. Av andre av partiet sine ønske kan ein nemne ei vidareutvikling av Måløy hamn, ei svært restriktiv haldning til fylkeskommunalt eigarskap i aksjeselskap og fritt vidaregåande skuleval.