Namn:Alfred Bjørlo
Parti:Eid Venstre
Alder:42 år
Bustad:Nordfjordeid
Yrke:ordførar

– Etter fire år med Venstre-ordførar er Eid endeleg «i siget». Folketalet er i vekst, talet på nye bedrifter og arbeidsplassar aukar og vi er omsider i gang med dei store satsingane som i altfor mange år stod på vent, seier Alfred Bjørlo, og viser til nytt omsorgssenter, ny fleirbrukshall, nye bustadfelt og nye næringsområde.

– Eit sterkt Venstre i fire nye år er garantisten for at den nye given Eid no opplever vil halde fram, lovar Bjørlo.

Etter brakvalet i 2011 der Venstre sikra seg heile 44 prosent av stemmene i Eid, er mange spent på korleis partiet kan følge dette opp. Bjørlo og partikollegaene nemner «omsorg når du treng det» som ei av kjernesakene til partiet dei neste fire åra.

– Vi vil bygge ferdig nytt omsorgssenter og styrke satsinga på heimebasert omsorg og omsorgsbustader, seier Bjørlo.

Vidare vil han prioritere kvalitet i skulen og barnehagane i Eid og betre vilkåra for frivillige lag og organisasjonar som er retta mot barn og ungdom.

– Vi skal og ha byggeklare tomter i alle krinsane, ha ei framoverlent næringssatsing med fleire nye areal og bygg, og vere ei føregangskommune på grønt næringsliv, lovar Eid-ordføraren.

Partiet har programfesta utbygging av bustadfelt på Nordfjordeid og Stårheim i 2016 og deretter eit kommunalt bustadfelt på Hjelle.

Venstre vil og vidareutvikle Nordfjord Vekst til eit felles selskap for næringsutvikling i Nordfjord.