Bremanger kommune vert igjen sterkt rådd frå at det vert plassert ein omlastingsstasjon for slam på Nygård ved Skatestraumen i Bremanger.

«Ut frå omsyn til kulturminne og landskap, må ein vere svært restriktive med eventuell utbygging mellom fylkesveg 616 og Skatestraumen», skriv kulturavdelinga i fylket til Bremanger kommune.

Kulturavdelinga vektlegg det store potensialet for automatisk freda kulturminne i nærleiken. Det er asfaltmasser frå den øydelagte Skatestraumtunnelen som det no hastar å finne ny plassering til. Under synfaringa kom det imidlertid fram eit anna forslag om å plassere anlegget i tilknyting til fv. 616. No rår nærings- og kulturavdelinga at dette arealet kan nyttast. Her vert det sett ei grense ved ei gamal telefonhytte sør for vegen, og areal utover dettte kan ikkje nyttast. «Vi føreset at det ikkje er anna eigna areal til rådvelde», skriv fylkeskommunen. Arbeidet blir også kravd overvaka av arkeolog, og kulturavdelinga skal vere varsla om eventuell graving i god tid i førekant.