Dei seks borna som er etterlatne til den polske kvinna som mista livet i dødsulukka på Rv 15 ved Bryggja i påska 2013 gruar seg til rettssaka.

– Men dei ser fram til å bli ferdige med den.

Det seier Per Kje­til Staut­land som er bi­stands­ad­vo­kat for dei seks bar­na

No er det bestemt at saka skal opp i Fjordane Tingrett i veke 26. Den startar i Førde 23. juni, og det er sett av ei veke til saka.

Stautland seier han vil i retts­sa­ka set­te fram eit ers­tat­nings­krav på veg­ner av bar­na til den omkomne.

Staut­land kan ik­kje seie no ak­ku­rat kor stort kravet frå dei etterlatne vil bli, men an­ty­dar at det kan kanskje bli over 600.000 kro­ner.

Har det tungt

– Eitt av bar­na er mind­re­årig. Dei andre er vaksne og bur i ulike land. Spe­si­elt med tan­ke på al­vo­ret i saka, er det na­tur­leg at det blir ei skik­ke­leg ers­tat­ning til dei som sit igjen, sei­er Staut­land.

Han sei­er un­ga­ne har hatt det tungt og vans­ke­leg et­ter uluk­ka der dei mis­ta mor si. Dei ser alle fram til at retts­sa­ka er over, og at dei kan komme seg vidare.

Fø­ra­ren av bi­len som var in­vol­vert i den tra­gis­ke uluk­ka, der ei kvin­ne mis­ta li­vet, er til­talt for uakt­samt drap.

Stats­ad­vo­ka­ten i Sogn og Fjor­da­ne og Møre og Roms­dal har teke ut ein svært så al­vor­leg til­ta­le mot den dans­ke vi­kar­le­gen i 40-åra, som kom frå nat­te­vakt og som kol­li­der­te front mot front med ein mø­tan­de bil på Rv 15 på Bryg­gja i Vågs­øy skjær­tors­dag i 2013.

Den kvin­ne­le­ge fø­ra­ren i den mø­tan­de bi­len mis­ta li­vet i uluk­ka.

Stor fart

Rekon, som driv med et­ter­fors­king av tra­fikk­uluk­ker og bil­bran­nar, har på opp­drag frå po­li­ti­et gjen­nom­gått do­ku­men­ta­sjo­nen et­ter døds­uluk­ka.

Konk­lu­sjo­nen er at Mer­ce­de­sen, som kom i ret­ning Mål­øy, kan ha hatt en fart på mel­lom 125 og 145 ki­lo­me­ter i ti­men då den i 80-so­na kom over i feil kjø­re­felt og tref­te bi­len der den pols­ke kvin­na og ein pas­sa­sjer sat.

I til­legg til å ha hatt høg fart og ha kome over i feil kjø­re­ba­ne, så har Fol­ke­hel­se­in­sti­tut­tet rek­na ut at den mann­le­ge fø­ra­ren av Mer­ce­de­sen har hatt ein pro­mil­le på 0,5 som ein føl­gje av me­di­ka­ment.Man­nen, som var på veg heim til Mål­øy frå nat­te­vakt på Nordfjordeid, blei al­vor­leg skadd, men over­lev­de uluk­ka.

Fø­ra­ren er til­talt for brot på straf­fe­lo­va pa­ra­graf 239, som be­tyr uakt­samt bil­drap med ei straf­fe­ram­me på inn­til seks år.

Han er òg til­talt for brot på veg­tra­fikk­lo­va sin pa­ra­graf 31 for ik­kje å ha vore akt­sam, for å ha køyrd i rusa til­stand og for å ha bro­te farts­gren­sa.